Pressemelding
7 mai 2020
 
 
 
 
 
 
 
 
 

Forsvarsbygg bygde for tre milliardar i 2019

 
 
 
 

Forsvarsbygg fullførte 16 byggeprosjekt for Forsvaret i 2019. Samla var investeringane på om lag tre milliardar kroner.

 
 
 
 
Bilde av en prosjektleder foran en anleggsmaskin.

Forsvarsbygg fullførte 16 byggeprosjekt for Forsvaret i 2019.

 
 
 
 

- Vi har i 2019 vist at eigendom, bygg og anlegg er eit premiss for utviklinga av ønska forsvarsstruktur, og har gjennom gode leveransar til Forsvaret bidratt til økt kampkraft og berekraft. Gjennom ulike effektiviserings- og forbetringstiltak har vi ytterligare redusert kostnadane våre med 73 millionar kroner. Vi vil i åra som kjem fortsette effektiviseringsarbeidet, og vil være godt rigga for å vere med å realisere den nye langtidsplanen for Forsvaret, seier Thorbjørn Thoresen, direktør i Forsvarsbygg.

 

Her kan du lese kva vi har gjort i 2019.

 

Dei store tala for 2019

Forsvarsbygg forvalta 12 870 bygg og anlegg over heile landet gjennom 1330 årsverk. Det vart investert for om lag 3 milliardar kroner. Vi hadde 368 aktive investeringsprosjekt i ulike fasar og 16 byggeprosjekt vart ferdigstilt. Med 4,1 millionar kvadratmeter forvalta bygningsmasse, og totale kostnadar på 9,2 milliardar, er Forsvarsbygg den største offentlege eigedomsaktøren i landet.

 

Solgte eigedom for 268 millionar kroner, som Forsvaret ikkje lenger har behov for
Forsvarsbygg avhenda totalt 34 390 kvadratmeter gjennom riving, rydding og sal i 2019 . Det vart selt forsvarseigedom for 268 millionar kroner. Salgsinntektene besto primært av bustadsalg og avsluttande oppgjør for leieinntekter på Bodø lufthavn.

 

Sidan 2001 har vi avhenda over 3 millionar kvadratmeter eigedom som ikkje lenger er relevant å nytte for Forsvaret. Sal av eigedom har gjort at forsvarssektoren har fått attende rundt 5,4 milliardar kroner netto til høgare prioriterte oppgåver.

 

Effektiviserte forvaltninga med 73 millionar kroner

Innen utgangen av 2020 skal vi effektivisere for ein kvart milliard kroner, for å frigjere midlar til høgere prioriterte oppgaver i forsvarssektoren. I 2019 har vi gjennom ulike effektiviserings- og forbetringstiltak ytterligare redusert kostnadane våre med 73 millionar kroner.

 

4,4 millionar vitja festningane
4,4 millionar personer vitja ein av festningane til Forsvarsbygg i 2019. Dette er ny rekord og ei auking på 300 000 frå 2018.

 

Kostnadar
Dei totale kostnadane til Forsvarsbygg i 2019 var 9,2 milliardar kroner. Vare- og tenestekjøp utgjorde 69 prosent av dette.

 

Her kan du sjå nøkkeltala til Forsvarsbygg for 2019.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Kontaktopplysninger

Forsvarsbyggs pressevakt er tilgjengelig hver dag fra 7-19 og nås på telefonnummer 47 7777 47 eller epost pressevakt@forsvarsbygg.no

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Forsvarsbygg 

 

Grev Wedels plass 5
0151 Oslo

 

Postadresse: Postboks 405 Sentrum

0103 Oslo


Tel: +47 468 70 400

 

http://www.forsvarsbygg.no

 
 
 
 
Social media icon Social media icon
 
 
 
 

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet som utviklar, byggjer, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren.