Nordisk nyheitsbrev 22. juni 2020

 
 
 
 

Vi skaper entusiasme for Norden!

Nordisk informasjonskontor Norge er et informasjons- og ressurssenter innen nordisk samarbeid. Vår målsetting er å bidra til økt og tettere samarbeid på ulike samfunnsområder mellom de nordiske landene. Vi hjelper deg gjerne videre med din nordiske idé.

 
 
 
 

Eit høgst uvanleg Norden-kart

I skrivande stund er det til dels hard argumentasjon mellom svenske styresmakter og nabolanda om kven som skal få reise, kor dei får lov å reise og kor lenge dei må vere. På kart frå tyske og nordiske helsestyresmakter (utanfor Sverige), er Sverige merkt med rødt, som eit område det blir frårådd å reise til. Unnataket er Gotland. Norden vil samarbeide seg ut av krisa. Les meir på norden.org

 
 
 
 

Ny rapport om seksuell trakassering

"Sexuella trakasserier i arbetslivet är ett stort samhällsproblem i Norden. Nu har nordisk kunskap om ämnet för första gången samman-ställts i rapporten Sexuellt trakasserad på jobbet - en nordisk forskningsöversikt. Rapporten redogör för aktuell kunskap om sexuella trakasserier i arbetslivet i Norden och identifierar vidare kunskapsbehov. Forskningsöversikten har tagits fram av Nordisk information för kunskap om kön, NIKK, på uppdrag av Nordiska ministerrådet, som underlag till en nordisk forskningssatsning på området." Les mer, og last ned rapporten. Det er også lyst ut forskingsmidlar, fire mill DKK, for å motverke kjønnsdiskriminering i arbeidslivet. Les utlysinga her

 
 
 
 

Frivilligheten står sterkt, men ....

I Norden står frivillighetsarbeidet sterkt og det utvikles. Det gir nye muligheter, men også noen utfordringer. Før var langvarig medlemsskap og jevn innsats hovedregelen. Nå handlar det stadig mer om "punktfrivillighet". Det kommer fram i rapporten «Frivillig arbete i Norden - Sammanhållning i en ny tid» som er utarbeidet av Nordisk ministerråd.

 
 
 
 

Øresundsambandet er 20 år

1. juli 2000 åpna Øresundssambandet, både med jernbane og veg. København og Malmö, etter kvart heile Skåne, Sjælland og Halland har samarbeid stadig tettare, ikkje minst i Greater Copenhagen og interreg. Nå er det snart klart for vedtak om forlenging av Københavns metro til Malmö og undersjøisk tunnel mellom Helsingborg og Helsingør. Les meir i nyheitsbrev frå Arbeidsliv i Norden

 
 
 
 

1. januar startar bygginga av Femern Bælt-sambandet

Byggearbeidet frå dansk side av ein undersjøisk jernbane- og vegtunnel mellom danske Rødby-havn og tyske Puttgarden startar 1. januar. Når prosjektet er ferdig i 2029 blir det ferjefritt frå Tyskland til Bognes i Nordland. Togsambandet er del av dei store europeiske transport-korridornettverka, der interregsamarbeidet har vore viktige pådrivarar. Les meir

 

 
 
 
 

Kandidatene til Nordisk råds musikkpris

Tolv verk er nominert til Nordisk råds musikkpris 2020 for sitt høye kunstneriske nivå. Her finner vi popalbum, filmmusikk, symfonier og konserter som er skapt av musikere fra tre generasjoner. Prisen blir delt ut under Nordisk råds sesjon i Reykjavík tirsdag 27. oktober. Vinneren får 350 000 kr og prisstatuetten Nordlys. Rasmus Lyberth er Grønlands kandidat. Norden.org har mer om kandidatene her

 
 
 
 

Åtte nye år med Guðni Th. Jóhannesson?

Det er presidentval i Island 27. juni. Guðni Th. Jóhannesson har vore president sidan 2016, og er storfavoritt til attval. Før han blei valt til president var han professor i historie ved Islands universitet. Alle islandske presidentar har hatt posisjonen i minst åtte år. Les meir om Guðni Th. Jóhannesson her

 
 
 
 

Interreg - for heile Norge

Heimesida Interreg.no er alltid oppdatert om det omfattande Interreg-samarbeidet som mange norske kommunar, fylkeskommunar, næringsliv og andre er med i. I 2020 er Interreg-ordningane 30 år. Dette blir markert med klima, ungdoms-satsingar og nabosamarbeid som hovudtema.

 
 
 
 

Komande arrangement 

Oppdatert kalender med nordiske arrangement og søknadsfristar på heimesidene våre.

 

Nordiske arrangement er avhengig av smittevernsituasjonen, og vi gir oppdatert informasjon om utsetjingar og endringar på www.nordeninfo.no.

 

 
 
 
 

www.nordeninfo.no alltid oppdatert

Det nordiske nyheitsbrevet vårt kjem annankvar mandag kl 1000. Det blir sendt til rundt 4000 mottakarar. Blant dei er alle fylkestingsmedlemmer og nøkkelpersonar i fylkesadministrasjonane, og politisk og administrativ leiing i alle norske kommunar. I tillegg er det mange mottakarar i andre miljø som arbeider med nordisk og regionalt samarbeid. Besøk også heimesidene våre, alltid oppdatert med nyheiter om nordisk samarbeid, støtteordningar, nordisk arrangementskalender, partnarsøk for Norden og Interreg, og Norge leser nordisk. Sjekk også facebooksida vår.

 

 
 
 
 
 

Neste søknadsfristar hos Nordisk kulturfond: Opstart med løpande søknadsfrist og svar i løpet av 20 dagar, prosjektstøtte tre gongar i året med første frist 1.10. Det nye programmet Globus har pilotprosjekt i 2020, og åpnar for søknadar frå 2021. Merk at det er ny søknadsportal.

 

Nordplus er Nordisk ministerråds største utdanningsprogram. Neste søknadsfrist er tidleg i 2021.

 

Nordisk kulturkontakt har mange tilskotsordningar og søknadsfristar. Fristar for første del av 2020: Mobilitets-støtte 17.8., kultur- og språk-programmet for ungdom - Volt 31.8., kultur og kunst 10.9., Norden 0-30 (tidlegare NORDBUK for barn og unge) 2.10, nettverksstøtte 9.10. Frist for residensstøtte blir publisert snart.

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Nordisk informasjonskontor Norge
Postboks 77, 4801 Arendal - Tlf: 91 80 82 56 (Jan Kløvstad) og 97 58 43 25 (Christin Bjerke)  

E-post: nordeninfo@nordeninfo.no