Nordisk nyheitsbrev 3. august 2020

 
 
 
 

Vi skaper entusiasme for Norden!

Nordisk informasjonskontor Norge er et informasjons- og ressurssenter innen nordisk samarbeid. Vår målsetting er å bidra til økt og tettere samarbeid på ulike samfunnsområder mellom de nordiske landene. Vi hjelper deg gjerne videre med din nordiske idé.

 
 
 
 

Hans Egede-statuen i Nuuk blir ståande

Resultatet av folkeavstemminga om Hans Egedestatuen i Nuuk var at berre 1521 av ca 23 000 stemmeberettiga stemte. Av dei som stemte, ville 921 at statuen skulle bli ståande, mens 600 ville fjerne Hans Egede. Meir om avstemminga og reaksjonane på knr.gl   

 
 
 
 

Sprekkar i riksfellesskapet Danmark-Færøyane-Grønland etter USA-initiativ

- Sprækkerne i rigsfællesskabet vil vokse, i takt med at Grønland og Færøerne bliver mere ombejlet og får større selvtillid. Det viste onsdagens Pompeo-besøg. Danske regeringer kommer til at skulle forholde sig til sprækkerne i mange år fremover, skriver altinget.dk. Kommentatoren meiner særleg Færøyane kom styrka ut av møtet med USAs utanriksminister Mike Pompeo nyleg.

 
 
 
 

USA og Grønland - ein  tango for tre

- Spillet om USA's tilstedeværelse i Grønland er en tango for tre. Nu vil USA og Grønland danse tættere. Det kan udfordre Danmark og rigsfællesskabet, pointerer historiker Bo Lidegaard (foto gyldendal.dk). Han er aktuell med ein biografi om diplomaten Henrik Kaufmann, som utan mandat frå Danmarks regjering la fundamentet for den tangoen Lidegaard skriv om. Les meir frå altinget.dk

 
 
 
 

- Socialdemokratiet svigter kulturen midt i en samfundskrise

- Midt i coronakrisen har vi mere end nogensinde brug for sammenhængskraften, kulturlivet kan skabe. Socialdemokratiet svigter ved ikke at give kvalificeret hjælp til kulturen, skriver Niels Frid-Nielsen, kulturkommentator, journalist og forfattar på altinget.dk. Danmarks kulturminister Joy Morgensen (S) har fått sterk kritikk for kulturpolitikken i koronapandemien.

 
 
 
 

Barns rettar i Sverige må få sterkare rettstryggleik 

- Barnkonventionen har bara varit en del av svensk rätt i ett drygt halvår, men det står redan nu klart att den behöver kompletteras med annan lagstiftning, seier Barnombudsmannen, Elisabeth Dahlin, (foto: Barnombudsmannen) til Sveriges Radio. Les meir om Barnombuds-mannens arbeid her

 
 
 
 

Klimapolitikken gir uro i Finlands regjering

Dei Grøne står mot Senterpartiet i Finlands regjering. Mange i Dei Grøne (bilde frå riksdagsgruppa) vil gå ut av regjeringa om Senterpartiet får medhald i klimapolitikken. Særleg er oppdyrking av myr og bruk av torv stridstema. Les meir hos YLE

 
 
 
 

Utlysing til landbruksforsking

SamNordisk Skogsforskning lyser ut midlar til forsking om biologisk mangfald i produksjons-skog, og skogbruk og reindrift. Søknadsfristen er 21. september. Les meir

 

Nordisk komité for jordbruks -og matforskning (NKJ) har søknadsfrist 15. september for forskingsprosjekt om "växt- och jordhälsa och livsmedelssäkerhet, och självförsörjning i nordiskt jordbruk". Les meir

 

 
 
 
 

Nettmøte om reindrift

Nordisk komité for jordbruks -og matforskning inviterer til kontaktskapingsmøte på nett 25. august, med påmeldingsfrist 17. august. Emnet er reindrift. Det blir innleiingar av blant andre:

Åsa Larsson-Blind (Svenska samernas riksförbund) om framtidig tamreindrift

Jouko Kumpula (LUKE - Naturressursinstituttet i Helsingfors) om reindrift og arealbruk

Sirpa Rasmus (Lapplands Universitet i Rovaniemi) om reindrift og klimaendringar, og

Morten Tryland (Norges arktiske universitet i Tromsø) om reinsdyrhelse og tilleggsforing. Informasjon, program og påmeldingssskjema her

 
 
 
 

Koronalettelsar i Latvia

Latvia er (bortsett frå Grønland, Færøyane og Åland) det europeiske landet som har kome seg best gjennon koronapandemien helsemessig, med 32 døde (17 pr million menneske). Skolar og arrangement blei stengte 12. mars. Frå 1. august er det lettelsar i tal tilskodarar til 500 innandørs (på minimum 1000 kvadratmeter) og opp til 3000 utandørs, om kvar person har 4 kvadratmeter plass. Les meir på leta.lv  Latvia får 10,5 mrd EUR av EUs enorme hjelpepakke for å rette opp økonomien.

 
 
 
 

Østersjøprogrammet ønsker innspill

Programkomiteen har nå lagt fram forslaget for en ny periode. To «politiske målsetninger» med tilhørende undersatsninger skal ut på høring til forvaltningsmyndigheter i samtlige land som deltar i samarbeidet. Hovedmålet er et grønnere og smartere Europa. Les mer

 
 
 
 

Interreg - for heile Norge

Heimesida Interreg.no er alltid oppdatert om det omfattande Interreg-samarbeidet som mange norske kommunar, fylkeskommunar, næringsliv og andre er med i. I 2020 er Interreg-ordningane 30 år. Dette blir markert med klima, ungdoms-satsingar og nabosamarbeid som hovudtema.

 
 
 
 

Komande arrangement 

Oppdatert kalender med nordiske arrangement og søknadsfristar på heimesidene våre.

 

Nordiske arrangement er avhengig av smittevernsituasjonen, og vi gir oppdatert informasjon på www.nordeninfo.no.

 

 
 
 
 

www.nordeninfo.no alltid oppdatert

Det nordiske nyheitsbrevet vårt kjem annankvar mandag kl 1000. Det blir sendt til rundt 4000 mottakarar. Blant dei er alle fylkestingsmedlemmer og nøkkelpersonar i fylkesadministrasjonane, og politisk og administrativ leiing i alle norske kommunar. I tillegg er det mange mottakarar i andre miljø som arbeider med nordisk og regionalt samarbeid. Besøk også heimesidene våre, alltid oppdatert med nyheiter om nordisk samarbeid, støtteordningar, nordisk arrangementskalender, partnarsøk for Norden og Interreg, og Norge leser nordisk. Sjekk også facebooksida vår.

 

 
 
 
 
 

Neste søknadsfristar hos Nordisk kulturfond: Opstart med løpande søknadsfrist og svar i løpet av 20 dagar, prosjektstøtte tre gongar i året med første frist 1.10. Det nye programmet Globus har pilotprosjekt i 2020, og åpnar for søknadar frå 2021. Merk at det er ny søknadsportal.

 

Nordplus er Nordisk ministerråds største utdanningsprogram. Neste søknadsfrist er tidleg i 2021.

 

Nordisk kulturkontakt har mange tilskotsordningar og søknadsfristar. Fristar: Mobilitets-støtte 17.8., kultur- og språk-programmet for ungdom - Volt 31.8., kultur og kunst 10.9., Norden 0-30 (tidlegare NORDBUK for barn og unge) 2.10, nettverksstøtte 9.10. Frist for residensstøtte blir publisert snart.

 
 
 
 
 
 
 
 
 

Nordisk informasjonskontor Norge
Postboks 77, 4801 Arendal - Tlf: 91 80 82 56 (Jan Kløvstad) og 97 58 43 25 (Christin Bjerke)  

E-post: nordeninfo@nordeninfo.no