Suzanne Brøgger i litterært djupdykk i Grimstad Suzanne Brøgger er blant dei nordiske gjestane i årets Ibsen- og Hamsundagar i Grimstad 7.-11. august. Ho er med i litterært djupdykk med Alf van der Hagen 9. august. Dagen etter er ho i samtale med Fredrik Wandrup i Ravndalen i Kristiansand. Hennes nyaste roman Koral har kome både i Danmark, Norge og Sverige i vår. Nyleg var Suzanne Brøgger også i Danmarks ambassade og Det danske kulturinstitutt i Riga, i samtale med latviske Nora Ikstena under leiing av dagleg leiar Jan Kløvstad i Nordisk informasjonskontor Norge. (Foto Stefan Eriksson, Nordisk ministerråds kontor i Riga) Meir om Ibsen- og Hamsundagane her |